Korleis vinn ein fram i kampen om dei beste medarbeidarane?

I dagens arbeidsliv er det å rekruttere dei beste medarbeidarane, og holde på desse, ein avgjerande faktor for sukess.

workplace-1245776_1920.jpg


Samtidig er konkurransen om dei dyktigaste ansatte større enn nokon gang, og vi ser at det er langt mellom «gullklokkene» som vert delt ut for 25 års lang og tru teneste for same bedrift. Dei ansatte er meir kravstore i val av arbeidsplass (som er ein bra ting!), og balansen mellom arbeid og fritid er viktigare enn før for at dei ansatte skal stå i jobben over lengre tid og halde motivasjonen i arbeidet oppe. Mange av våre medlemsbedrifter bruker DaysOff si firmahytteordningen aktivt i sin rekrutteringsprosess.

Sett frå di bedrift sin ståstad så er det viktig å rekruttere og behalde dei beste medarbeidarane. Å tilby dei ansatte ei velferdsgode i form eit bredt utval av firmahytter gjennom DaysOff bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen. Ved å gje dei ansatte incentiv til å ta «avbrekk» frå arbeidskvardagen, er ein også sikra fokus og energi når dei ansatte er på jobb. Dersom di bedrift allereie i dag tilbyr firmahytter til dei ansatte har du kome langt i erkjennelsen av kor viktig dette er. På vegne av dine ansatte gjev eg deg eit stort klapp på skuldra for det! Gjennom DaysOff kan denne ordninga vidareførast med endå betre kvalitet, og med mindre bruk av dine ansatte si kjernetid til å administrere dette.

DaysOff dekker behovet både for bedrifter som har firmahytter per i dag (men som ønsker å setje vekk administrasjonen av dette), for bedrifter som no ønsker å innføre firmahytteordning for sine ansatte der ein kan velje mellom hundrevis av objekt, eller for kombinasjonen av desse. DaysOff er eit selskap i vekst, men ikkje større enn at vi har eit personleg forhold til alle våre kundar.

Velferdsgoder kan vere avgjerande for å tiltrekke seg og halde på dei beste medarbeidarane, og firmahytter er blant dei mest populære godene i denne kategorien. DaysOff sitt mål er å gjere det så enkelt som mogleg for di bedrift å tilby dette til dine ansatte. Eg vil oppfordre deg til å ta ein kikk på denne oversikten som forklarer konseptet , og spesielt legge merke til følgande:

  • Det er veldig liten del av prosessen som krev bidrag frå bedrifta, arbeidet tek DaysOff seg av, i samarbeid med dei ansatte og utleigarane.

  • Resultat for bedrifta: styrker sin posisjon som ein attraktiv arbeidsplass og får meir motiverte og produktive ansatte.

Covid-19, med sine inngripande effektar på samfunnet, har vist oss viktigheten av å ta vare på kvarandre, og gjort oss ekstra fokusert på å bruke tid saman med familie og vener, om det er på hytta eller heime.  Å tilby dine ansatte tilgang til DaysOff sin pool av firmahytter, er ein (av fleire) måtar å vise at du tek vare på dine ansatte.

Og ja, det har ein kostnad. Men har du råd til å la vere? Investering i dine ansatte kan vise seg å vere det aller viktigaste du gjer for å sikre vidare vekst for di bedrift!

- Styreleder Rasmus Endre Bø.